Informasjon for omsetjarar

FSFE er ein internasjonal organisasjon. Målet vårt er å nå flest mogleg folk, og la dei taka del i våre aktivitetar. For å klare det ynskjer vi å ha dei publiserte tekstane våre tilgjengelege på fleire språk og målformer.

Mykje arbeid blir lagt ned i omsetjingane for vevsida, som utgjer hovuddelen av offentlege tekster. Særleg dei hyppig oppdaterte sidane som forsida, nyhendesida og sida for hendingar tek mykje tid. Meir informasjon om korleis du kan yta hjelp med omsetjing av vevsidene finn du på vevomsetjaranes informasjonsside.

Men ikkje berre vevsidene trengjer omsetjing. Pressemeldingar, nyhendebrev, brosjyrer og flygeblad og andre tekster blir ogso lesi av fleire folk for kvart språk og målform dei er tilgjengelege på.

Tekster blir ofte skrive på forfattarens eige språk, men vanlegvis ynskjer vi å nytta engelsk som utgangspunkt for vidare omsetjingar. Difor trengjer vi særleg hjelp med:

Vår røynsle viser at dei beste omsetjingane kjem frå folk som omsett frå eit framandt sppråk til deira mårsmål. Til å byrja med kan det vere klokt å lesa gjennom sida Om oss, for å få ein betre idé om planane, idéane, og verdiane til FSFE.

For nokre språk finnast det ei liste over mykje brukte ord med deira respektive omsetjinar.

Omsetjing blir som oftast koordinert frå e-postlista til omsetjarane. Alle som ynskjer å hjelpe til med omsetjingsarbeid kann tinga ho.

Tekster blir ofte omsatt eller korrekturlest når dei er sende til lista saman med ei opplysing om kva språket er. Alle som startar ei omsetjing sender ofte ein e-post til lista for å unngå dobbeltarbeid. Ferdige omsetjingar blir so sende til lista for å la andre lesa gjennom og gjere framlegg om eventuelle forbetringar. Båe den originale teksta og omsetjingen blir som oftast sende som vedlegg i rein tekst for å gjera kopiering-og-liming lettare.

Ideelt har kvart språk ei gruppe med omsetjarar som kann avløysa kvarandre, so at omsetjingane til eit språk ikkje er bunden av éin person.

Omsetjing og gjennomlesing av tekster er eit høgverdig bidrag til FSFEs arbeid, og ein utmerka moglegheit for å spontant hjelpa til med aktivitetar i FSFE utan å binda seg.

$Date: 2016-11-09 16:11:34 +0100 (Wed, 09 Nov 2016) $ $Author: jonas $ Andreas Tolf Tolfsen