Press

Brorskapsrøysting for representantar til generalforsamlinga – Nomineringsrunde

on:

Valet til det fyrste setet til FSFEs generalforsamling avsluttast 1. juni, før generalforsamlinga samlast i Miraflores de la Sierra i Spania 19.-21. juni.

Det er no på tide å gjera klårt til valet som vil gje Brorskapet ein direkte representasjon i FSFEs strategi- og avgjerdskomité.

Som du kanskje har fådd med deg er det tvo seter. Valet i år står om det fyrste setet, mens det andre setet skal veljast neste år. Dei som blir valde vil sitte i periodar på tvo år, og av di vil dete vere eitt val i året frå no av.

Brorskapsrepresentanane vil vera fullverdige medlemmar av generalforsamlinga med alle rettar- og forpliktelsar som andre medlemmar. For å danna eit inntrykk av kven Brorskapsrepresentantane skal jobba med i lag med, kan du taka ein titt på medlemssida.

Kven kann røyste?
Alle registrerte Brødre kann røyste.
Kven kan veljast?
For å bli ein kandidat må du ha vori ein aktiv Bror i minst eitt år før valet, so vi kann sikra at dei som veljast til generalforsamlinga kjenner organisasjonen og vårt arbeidde godt.
Valplattform
Alle kandidatar burde nytta wikien og/eller ein blogg for å opplyse om kven dei er, og kvifor dei ynskjer å bli valt. (Brødre kann ogso velje å gjera wiki-sida berre tilgjengeleg for andre Brødre.)
Valsystem
Røystinga vil nytta Schulze-metoda, eit populært røystesystem som ogso nyttas av Debian, Wikimedia og andre. Det er ein vel-prøvd metode som har vist seg resistent mot valfusk.

For å bli ein kandidat må taka kontakt med fellowship@fsfeurope.org, med overskrifta "Candidate Fellowship seat" innan 31. mars. I e-posten bør du forklara at du ynskjer å stille til val til generalforsamlinga, og uppgje noko informasjon om deg sjølve som vi kann nytta for å laga ei liste over kandidatar til dei andre Brørne.

Du kan berre nominera deg sjølv som kandidat. Om du kjenner andre Brør som du trur ville vori gode kandidatar bør du oppmoda dei til å stille.

Om du har ytterlegare spørsmål kann du taka kontakt med Koordinatoren for Brorskapet, Matthias Kirschner på fellowship@fsfeurope.org.

Se ogso: